VEDTEKTER FOR SURNADAL FOTOKLUBB
Vedteke på konstituerende møte i biblioteksalen i herradshuset på Skei.
5 mars. 1976, med endringer av vedteker på årsmøtet 21-12-1984 og, endringer på årsmøtet 31-01-2019
$1 Navn og føremål,
Klubben sitt navn er Surnadal Fotoklubb. Fomålet er å fremje medlemmene sine
interesser og forståing på felt innen foto- og filmarbeid.
$2 Medlemskap.
Den kan bli medlem som melder seg inn til styret og betaler den kontingent som
gjelder til kvar tid. Blir ikkje medlemskontingenten betalt i rett tid avgjer styret
om medlemsskapen går ut. Årsmøtet avgjør om klubben skal vera tilslutta lokale og
landsomfattande organisasjoner innan klubben sitt formål.
$3 Styret .
Verksemda til laget blir leia av styret på 5 medlemmer som blir valde av årsmøtet.
Styret skal arbeida for å halda oppe eit høgt aktivitetsnivå i klubben.
Styremøte blir halde så ofte formannen finn det teneleg, eller når minst
to av dei andre styremedlemmene krev det. Styret skal føra møtebok.
$4 Årsmøtet.
Årsmøtet, som er det høgste organet i klubben, skal haldast innen utgangen av januar
og skal kunngjerast for medlemmene i god tid. Den som har oppfylt pliktene sine
etter $2 har røysterett på årsmøtet. Forslag til handsaming på årsmøtet må
væra styret i hende seinast 14 dager før årsmøtet.
Årsmøtet skal handsama:
1. Årsmelding fra styret.
2, Revidert regnskap.
3. Fastsetjing av årskontigent for komande år.
4. Val.
- 5 styremedlemer
- 2 varamedlemmer til styret
- 1 revisor m/varamann
- Valgkomite av to medlemmer
- Styreleiar blant dei valde styremedlemmene
Styret konstituerer seg med følgande funksjoner:
- Nestleiar
- Kasserar
- Sekretær
- Ungdomskontakt
Dei 5 styremedlemmene blir valde for 2 år, slik at 2 høvesvis 3, står på val
valg annakvart år, første gong etter loddtrekning.
Alle valg på årsmøtet bli avgjorde med simpelt fleirtall. Andre vedtak krev absolutt
flertall. Ved likt røystetal skal det nyttast loddtrekning.
$5 Fullmakter.
Formannen og eitt av styremedlemmene bind laget ved underskriftene sine.
$6 Oppløysning
Vedtak om oppløysning av klubben kan gjerast på årsmøtet med 3/4 fleirtal.
Dersom stort nok fleirtal ikkje bli oppnådd kan spørsmålet avgjerast på ekstraordinert
årsmøte med absolutt fleirtal. Slikt ekstraordinært årsmøte må kunngjerast for
medlemene med minst 14 dagars varsel. Klubben kan ikkje oppløysast så lenge 5 av
medlemmene går i mot. Dersom klubben blir oppløyst skal klubben sine aktiva fordelast mellom aktive medlemmer ved oppløysing.
$7 Endring av vedtektene.
Endringar av vedtektene blir å vedta med minst 2/3 fleirtal av frammøtte medlemar på årsmøtet.
Forslag til endring må vere innkomme til styret seinast 14 dagar før årsmøtet.